Kjære medlemmer og Florø-folk

Kjære medlemmer og Florø-folk

Som veldig mange andre lokale bedrifter, har Spenst Florø no ei usikker og krevjande tid i vente og det er ufatteleg tomt her på bygget utan våre fantastiske medlemmer og ansatte.


Torsdag i førre veke måtte blant anna alle treningssenter i Noreg stenge dørene, noko som ramma oss spesielt hardt. Vi bidrar alle saman i ein nasjonal dugnad for å hindre og begrense spreiinga av Corona viruset, som har ført til at kvardagane til folk er snudd på hovudet av alle tiltaka som er gjort, men som faktisk er heilt nødvendige!

For Spenst Florø vil det vere heilt avgjerande å behalde medlemsmassen for å kunne oppretthalde det gode treningstilbodet til Florø-folket igjen når vi skal opne. No er vi avhengig av ei dugnadsånd for vi vil ikkje klare dette åleine. Det er mange små bedrifter i same situasjon i Florø, tenk lokalt og tenk langsiktig. Vi jobbar på spreng for å svare på alle spørsmål vi får, og vi har full forståelse for at det er mange spørsmål knytt til medlemskap. Trekket 20. mars som er for trening i april, vil gå som normalt. Vi vil sjølvsagt gjere opp for oss for dei vekene du ikkje har fått benytta deg av treningssenteret, det vil vi kome tilbake til. Slik situasjonen er no har vi måtte redusere dei kostnadane vi overhode kan, og vi har vi måtte ta det valet om å permittere alle våre fantastiske ansatte. Ja, den blide resepsjonisten som alltid seier hei til deg, den sprudlande instruktøren som får deg til å le sjølv om det er tungt på trening, den trygge og omsorgsfulle barnepassaren, den effektive reinhaldaren som alltid er tidleg oppe for å gjere senteret reint og pent til du kjem, PT’en som hjelper deg med teknikk og pushar deg til å nå ditt potensiale.. Mange dyktige ansatte som deler treningsglede til alle og einkvar. Sjølv om vi i desse vekene ikkje kan levere det treningstilbodet vi aller helst ønskjer, fekk vi raskt på plass alternativ gruppetrening til våre medlemmer. Eit gratis online tilbod frå FortGjort Home som medlemmar kan logge seg inn på. Der det fortløpande blir lagt til nye programmer som passar for alle, til og med heile familien. Spenst Florø er eit treningssenter der alle skal føle seg velkomne, med godt treningsmiljø, der latteren og smila sitter laust blant medlemmer og ansatte. Vi håper inderleg at du vil hjelpe oss med å bevare treningssenteret, slik at vi kan opne opp att med det same treningstilbodet 26. mars. Følg råda frå myndigheitene, ta vare på kvarandre og tenk positivt. Vi gler oss ekstremt til å få dykk tilbake, slik at vi kan fortsette med verdens beste jobb på Spenst Florø, treningsglede og folkehelse til folket! Med beste helsing, Astrid og resten av Teamet i Spenst Florø <3



<< Tilbake
Spenst Florø
Hestenesgata
6900 Florø
Tlf. 45 96 63 68
E-post post@spenstfloro.no

Levert av Spectra AS - Powered by Webon Personvern