Medlemsinformasjon og kompensasjon

Medlemsinformasjon og kompensasjon

Oppdatert medlemsinformasjon 08.05.20.

Torsdag 07.mai la Regjeringa fram planen for vidare handtering av covid-19 og ein tidsplan for nedtrapping av dei mest inngripande tiltaka.


Det er no lagt ein intensjon om å opne treningssentera frå og med 15. juni. Saman med helsemyndigheitene jobbar treningsbransjen iherdig med å komme fram til forsvarlege smitteverntiltak.

I mellomtida er det viktig for oss å fortelje alle våre medlemmer at vi setter enorm pris på den støtta vi har mottatt. Både i form av gode ord i forbifarta og helsingar på sosiale medier. Og ikkje minst takk til alle som har latt trekka sine gå som normalt i påvente av at senteret får opne igjen.

Vi har mottatt kontantstøtte for dei faste uunngåelege kostnadane, men dette dekker svært lite av våre utgifter, noko som gjer at all støtte vi mottar gir oss moglegheit til å komme oss gjennom stengeperioden. Vi kommer til å stå klare i døra på Spenst og ta i mot dykk når vi får klarsignal frå myndigheitene.

Vi har forståelse for at du lurer på kva som skjer med ditt medlemskap. Ved å la trekka gå som normalt vil du få lagt til treningsperioden vi held stengt til ditt medlemskap. Lar du trekka gå som normalt setter vi stor pris på di støtte. Ynskjer du andre alternativer, så håper vi du vel ei av dei tre alternativa nedanfor:

Val 1:
Gi bort tilsvarande periode vi held stengt til venn/familie.
Vel du dette alternativet så får du eit gåvekort på dette i resepsjonen når vi opnar igjen. Gåvekortet kan brukast fram til 31. juni 2021.

Val 2:
Gåvekort.
Få eit gåvekort som kan brukast på kroppsanalyse, Personleg Trenar, eller varer i shoppen (ikkje medlemskap). Gåvekortets verdi gjeld kr. 400,- per månad. Verdien på gåvekortet vil auke i perioden vi held stengt. Gåvekortet hentast i resepsjonen når vi opnar igjen. Gåvekortet kan brukast fram til 31. juni 2021.

Val 3:
Fri trening tilsvarande periode for stengde lokaler.
Velg du dette alternativet kan du velje deg ut ein periode du kan få fri treningstid tilsvarande den perioden som vi held stengt. Fri perioden må benyttast innan 31.juni 2021.

Her kan du bekrefte ditt val, så sørge vi for resten:

REGISTRER DITT VAL HER!

GRATIS online trening med FortGjort og LesMills

Spenst har eit samarbeid med FortGjort og Les Mills som gir deg som Spenst medlem ei unik GRATIS tilgang til over 800 totale treningsøkter. Online treningstilbodet avsluttast automatisk av Spenst. 

Dette tilbodet er forbeholdt betalande medlemmer.

Du kan enkelt komme i gong ved å trykke på lenkene nedanfor til LesMills og FortGjort.

KOM I GANG MED LESMILLS HER!

KOM I GANG MED FORTGJORT HER!

GRATIS online trening frå instruktørar frå Spenst Førde/Florø
I tillegg kan du logge deg inn på «min side» gjennom heimesida vår og få tilgang til online trening frå instruktørar hos Spenst Førde/Florø. Har du gløymd passordet ditt kan du hente dette her:

NYTT PASSORD TIL MIN SIDE

Frå og med veke 20 setter vi opp gruppetimar utandørs. Følg med på timeplan/booking og våre sosiale medier for meir informasjon. 

Vi håpar alle held seg friske i desse tider, og vi gler oss masse til å sjå Dykk alle igjen!

Helsing alle oss i
Team Spenst Florø



<< Tilbake
Spenst Florø
Hestenesgata
6900 Florø
Tlf. 45 96 63 68
E-post post@spenstfloro.no

Levert av Spectra AS - Powered by Webon Personvern